søndag 18. mai 2014

Dagens fangst

Noko av det Liv og eg likar best er å dra på småturar rundt om i distriktet og gjerne ut til kysten for å vandre i fjæra med kamera på jakt etter gode motiv.  I dag gjekk ferda til Bremangerlandet til ukjent terreng og vi opplevde å få sjå både oter, rev, sel og havørn.  Etter å ha sett fleire oterar i sjøen på altfor lang fotoavstand, hadde eg ei av mine største naturopplevingar med kamera til no.  Ein oter dreiv og dykka nokre meter  frå land og eg sette meg ned på svaberget og venta, og plutseleg kom han opp på land ca 10 meter få meg med ein fisk i kjeften.  Eg fekk dagens fangst med kamera og oteren fekk dagens fangst til middag. Garva naturfotografar vil nok flire rått dersom dei ser bilda mine,  men sjølv er eg rimeleg nøgd med resultatet av oterdebuten min.  Her kjem ein bildeserie frå fangsten.
    







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar