søndag 9. desember 2012

Jomentum, Ytre Suløen og Tricia Boutte

Sist fredag kveld var det konsert i Eidskyrkja med koret Jomentum frå Florø, Ytre Suløen Jazzensemble med songsolist Tricia Boutte.  Vi som var til stades fekk servert ein flott konsert med kjende tonar av eit dyktig blandakor og dei fantastiske musikarane i Ytre Suløen som har hatt ein god del utskifting sist året.  Sist men ikkje minst var Tricia Boutte eit fyrverkeri med ei stemmeprakt  som fryda øyrene, og ei utstråling som er ein draum for ein fotograf.  Eg har vore på fleire konsertar med Tricia før, men no på fredag var du "best ever" Tricia, det var synd at ikkje meir enn knappe 70 hadde funne vegen til konserten.  Her kjem nokre glimt av det eg fanga opp med kameralinsa.

















2 kommentarer:

  1. Som vanleg mange blinkskot, spesielt av soloartisten. Får halve konsertopplevinga av å sjå på bilda dine.

    SvarSlett