søndag 27. desember 2015
Vinterstemning
Etter at regnet har plaska ned i vekevis snudde det i går kveld og i natt og vi vakna til puddersnø og fantastisk vinterstemning. Det var rett og slett ikkje mogeleg å sitje inne, og det er mange som i løpet av dagen har nytta høvet til å forevige alle dei fantastiske motiva som dukkar opp når naturen pyntar seg i sin finaste vinterskrud. Eg og måtte sjølvsagt ha ein tur med fotosekken og stativet for å gå på oppdagingsferd i lokalmiljøet. Her kjem noko av det eg plukka ut av minnebrikka.
torsdag 19. november 2015
Kulturnatt 2015
Sist fredag var det kulturnatt i heile distriktet, og eg måtte berre ha ein tur forå få med meg kva som skjedde i sentum på Eid. Og eg vart ikkje skuffa, Kulturtilbodet i Eid er så mangfaldig at det er berre å gje seg ende over og forsyne seg så lenge ein orkar.
Fyrst var det kulturprogram i operahuset med ein time forestilling der, med påfølgande dans i foajeen og deretter rett i Gymmen der eg kom ut av talet på forskjellige grupper og soloinnslag. Kulturløypa denne kvelden vart avslutta med ein forrykande konsert av Alex Grey med band i kulturhuset Gamlebanken der stemninga stod i taket. Det er vanskeleg å få med seg alle detaljane på ein slik kveld, men bildekavalkaden gjv vel eit visst inntrykk av det som skjedde. Eg må nok innrømme at fotografen i meg blir litt ekstra trigga av fart, lys og fantastiske ansiktsuttrykk, så den siste dansegruppa har no i alle fall fått sin porsjon med bilder. Alt i alt ein strålande kveld, og takk til alle aktørar og arrangørar som stiller opp for at vi som publikum kan nyte ei fantastisk kulturnatt.

Abonner på:
Innlegg (Atom)