Etter at regnet har plaska ned i vekevis snudde det i går kveld og i natt og vi vakna til puddersnø og fantastisk vinterstemning. Det var rett og slett ikkje mogeleg å sitje inne, og det er mange som i løpet av dagen har nytta høvet til å forevige alle dei fantastiske motiva som dukkar opp når naturen pyntar seg i sin finaste vinterskrud. Eg og måtte sjølvsagt ha ein tur med fotosekken og stativet for å gå på oppdagingsferd i lokalmiljøet. Her kjem noko av det eg plukka ut av minnebrikka.