torsdag 21. september 2017

Hoven

Hoven i Loen er vel blitt årets store trekkplaster i Nordfjord og både folk frå distriket og langvegsfarande turistar har strøyma til den populære taubana og restauranten på toppen.  For ei veke sidan var vi fire familiemedlemmar som debuterte i den store turistattraksjonen.  For min eigen del var det med skrekkblanda fryd eg drog innover i fjorden.  Med ein god porsjon høgdeskrekk og nesten tilsvarande klaustrofobi  i hovudet er det ei utfordring å gå inn i ein blikkboks som svevar 200 meter over bakken.  Eg har snakka med mange som har følgt bana i sommar og haust, og alle har trøsta meg med at ditta kjem til å gå bra.  Og det gjorde det.  Litt sug i magen var det då vi for utfor kanten på toppen på nedturen, men for ei oppleving!  Sjølv om det var både skodde og regn  var det ein heilt eineståande tur.  Har du enno ikkje vore der vil eg anbefale turen på det varmaste, men pass på å være svolten når du kjem opp, maten var verdt turen åleine og vel så det.  Her kjem ein liten bildeserie frå debut turen til Hoven.  Det vil heilt sikkert bli fleire, forhåpenligvis med litt betre vær. Ein amatørfotograf som meg har forøvrig aldri problem med å finne motiv uansett forhold.















søndag 17. september 2017

Maria Arredondo, Torstein Sødal og Dekor

Det vart ei fin avrunding av Eidamessa i kveld med flott kyrkjekonsert med Maria Arredondo, Torstein Sødal og Dekor.  I det strålande haustværet med flott temperatur og solnedgong over Eidsfjorden kunne ein vel ikkje forvente fullsett kyrkje.  Etter grovtelling fann eg ut at det likevel var over 100 frammøtte og vi fekk ein fantastisk flott konsert med  profesjonelle songarar og flinke koramatørar.  Det er kjempeflott og viktig at lokale aktørar får være med på slike konsertar.  Det gjev ein ekstra drive i den daglege øvinga, gjev flott trening i å opptre for publikum som får eit fint innblikk i kva lokale kulturkrefter vi har i bygda.  Her kjem ein liten bildeserie av det eg fekk med meg.
























fredag 8. september 2017

Malakoff 2017




Det er gått mange veker sidan siste tonane stilna etter årets Malakoff Rockfestival.  I ni år har eg hatt gleda av å være med i fotogjengen som dekker dette gigantarrangementet.  Det er utruleg mykje ein skal rekke over i løpet av ei hektisk veke.  Rigging, frivillige, artistar, stemninga på campingen, framfor scena, rundt på heile området, i sentrum, badeliv og mykje meir.  Det går i eit bankande køyr frå tidleg morgon til seint på natt, fotografering, redigering, innlevering, rekke artistane dei tre fyrste melodiane  osv, osv.  Det er kjempetravelt og kjempegøy.  Mange av bilda mine er viste på festivalen sine nettsider, men der er dei blanda med alle dei andre fotografane sine bilder, og alle er ikkje komne med der.  Difor legg eg ut dette samlealbumet mitt frå festivalen her på bloggen min og dei kjem i rekkefylgje over stokk og stein.   Dette er berre eit bittelite utval av bilda mine frå MR, og om det blir lagt ut fleire får tida vise. Eg har ei drøss med andre bilder som står i kø for å bli presenterte.