lørdag 12. januar 2013

Varetelling 2012

For oss som har butikk går ein god del av dagane rundt nyttår med til varetelling og ein skal då prøve og få med seg alt ein har av deler og utstyr i hyller og reolar.  Litt enklare er det med varetelling i fotomappene.  Det er heilt utenkjeleg og vise fram alle dei mange tusen bilda eg har teke i løpet av fjoråret.  Her kjem likevel eit lite knippe bilder i vilkårleg rekkefylgje frå noko av det eg opplevde i året som er gått som ferieturar til Svalbard, Madeira, konsertar i operahuset og Malakoff, kong Audbjørn mm.






























tirsdag 1. januar 2013

Godt Nyttår!

Det er etterkvart blitt tradisjon for meg og fotografere nyttårsrakettane frå moloen i hamna i Eid sentrum, og med desse bilda frå i går kveld vil eg ynskje alle kjende eit Godt Nyttår!














torsdag 27. desember 2012

Nysnø

Det er romjul, og vinteren har pynta naturen med eit melisdryss av fin kvit nysnø.  Dersom du har  kamera frå før eller har fått eit nytt til jul er det berre å kle på seg og kome seg ut på jakt etter gode motiv.  Og dei er det massevis av overalt anten du ruslar ein tur i hagen, i marka eller langs vegen.  Du bør imidlertid være litt forsiktig, det er is under snøen mange stader utan at du ser den så det kan fort ende med knall og fall, så ta på broddar eller stegjern.  Eg rusla ein tur i marka i dag med opne auge og let motiva finne vegen inn gjennom objektivet på kameraet, her er resultatet: