mandag 13. juni 2011

Runde 2011

Eg vil fyrst få takke ein herleg fotogjeng for ei kjempehelg på Runde.  Kjempeflott båttur med grotta som høgdepunkt, lange fine fjellturar, sjarmerande lundefuglar, fotografering dag og natt, masse kjempegod mat, triveleg og inspirerande selskap, og til slutt Runde fyr som prikken over i en søndag ettermiddag.  Dei fleste av oss amatørane har som oftast meir enn nok med å klare å få skarpe bilder av stilleståande motiv og allverda tid til å stille inn kameraet.  Når du står på dekk i ein gyngane båt og motiva kjem susande som prosjektilar i alle retningar, lysforholda skiftar alt etter kor hen du siktar med kameraet, då kan frustrasjonen ofte ta overhand.  Respekta for dei som klarer å ta sylskarpe bilder under slike forhold blir ikkje mindre etter det.  Her kjem eit lite knippe av mi motivjakt i helga. 

1 kommentar:

  1. Når (ikkje viss, men når!) ej får mej makroobjektiv, skal vi ut å jakte på småkryp ilag en dag. Du e go på kryp altso! Og lunden va jo kjempe søt:)

    SvarSlett