fredag 8. juli 2011

Fantastiske Elskhug og Eksis

Når ein er hobbyfotograf og får anledning til å overvære ei forestilling som Elskhug og Eksis, er det som å sleppe ein unge inn i ein snopbutikk og seie værsågod: et til du sprekk. Fantastiske motiv skifter for kvart sekund gjennom to timar med topp underhaldning.  Det er berre å gje seg ende over og bøye seg i beundring for gjengen på og bak scena for den kjempejobben dei har lagt ned i planlegging og øving.  Her kjem eit lite knippe med nye bilder frå forestillinga, ein heil del av bilda mine er nettopp lagt ut på heimesidene til Elskhug og Eksis.

1 kommentar: