mandag 2. juli 2012

EM GULL

Eg må innrømme at jubelen sto i taket i ettermiddag då Henrik Ingebrigtsen sprang inn til gull på 1500 under EM i friidrett i Helsingfors.  Sidan eg er friidrettsentusiast og gamal trenar og har jubla hemningslaust mange gonger på friidrettstadion var det på eit heilt anna nivå enn konkurransane denne veka.  Etter å ha leita i bildearkivet mitt fann eg bilde av dagens vinnar i teten på 1500 meteren under NM på Byrkjelo i fjor.  Sjølv om han braut det løpet vil eg  likevel gratulere så mykje med kjempeprestasjonen i dag og ynskje lukke til med OL i London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar