Det har vore ei helg med mykje kulturaktivitetar, og blant dei arrangerte Stårheim songlag korkafe i Valhall på laurdag og i Hennebygda på søndag. Korkafear har mange positive element i seg. Kora får presentere programmet sitt for publikum som i gjen får god underhaldning, kaffi og kaker og bite i og anledning til å kjøpe årar på loddsalet. Dessutan blir det og tid til ein god drøs over bordet. Her kjem nokre glimt frå begge arrangementa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar