Rundt 60 store og små var i helga samla til slektstemne i Vedvika. Det vart eit par trivelege dagar med mykje god mat og drikke, rebusløp, hesteskokasting, luftgeværskyting og pilkast. Det var dekka til langbord på låven,og praten gjekk livleg både her, i nystova og i store telt på tunet heile dagen og utover kvelden og natta. Det mangla ikkje på fotomotiv i ei slik anledning, og her kjem nokre smakebitar frå helga. Eg har hatt litt problem med bloggoppdateringa, så fleire bilder blir lagt ut etterkvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar