torsdag 30. januar 2014

Istid

Denne vinteren har til no vore noko spesiell, nesten ikkje snø og fin temperatur.  Sjølv om forholda for skigåing har vore heller skrale, er det veldig fint å gå turar på dei mange skogsvegane og  terrenget elles.  Har du interesse for fotografering har du no eit eldorado av moglegheiter til fine isbilder.  I vegskråningar og elvar og ellers overalt vrimlar det av gode ismotiv i tusental.  Det er berre å gå og forsyne seg.  Sist søndag var Liv og eg på vår favoritt istur, nemleg Tvinnefossen.  Vi var der i fjor og ,på desse tider og der er dit eldorado for fine isbilder.  Men ver obs dersom du går innover der,  stegjern eller skikkelege broddar er heilt nødvendig, og sjå opp for overhengande isjuklar!  Her kjem min bildereportasje frå turen.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar