onsdag 3. juni 2015

Handtverkstradisjonar på Bjørkedalen

Det er etterkvart blitt tradisjon å reise på Bjørkedalen andre pinsedag for å få med arrangementet til Bjørkedal kystlag.  Gamle handtverkstradisjonar står i høgsetet denne dagen og vi fekk demonstrert tømmerkøyring med hest, tjærebrenning, smie og barking.  Det var møtt fram folk i hopetal for å få med seg dette arbeidet frå tidligare tider.  Interessa var stor, og ikkje minst blant den yngre generasjonen som nærmast stod i kø for å få varme jern i esa og banke til dei glødande emna.  Det er svært viktig at desse arbeidsmetodane blir demonstrerte og tekne vare på, og beste måten er å la dei yngre få sjå og lære ved å prøve sjølve.  Det var og servert mat og kaffi og praten gjekk livleg ikring borda og i båtmuseet.  Av og til er det godt å få senka skuldrane og gje seg tid til å prate med kjende utan å sjå på klokka og haste vidare.  Her kjem ein liten bildeserie av noko av det eg fanga opp denne dagen.

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar