mandag 6. juni 2016

Ein heilt vanleg laurdag i kulturlandsbyen

Sist laurdag var det opning av kunstutstilling i Gamlebanken.  Stårheim songlag var invitert til å være med på opninga, og sidan vi likevel var i sentrum la vi opp til ein konsertturne rundt om i kulturlandsbyen.  Etter Gamlebanken gjekk turen til Bergseth, Toppen Kafe, Cocos frisør og til slutt utanfor kafeen i Moengården.  Medlemmane i koret er ein fantasisk gjeng og vi har mykje moro i lag, har du lyst er det berre å hive seg med.  Skulle du bli trøtt av vandringa i lag med oss tek vi gjerne på oss transport i handlevogn.
Etter fem konsertar var eg rimeleg sikker på at no var det ikkje meir som skjedde i Eidsgata der eg vandra mot bilen i halv tretida.   Så feil kan ein ta.  Då eg nærma meg Gamlebanken igjen høyrde eg lyden av rockemusikk og der var dansetroppen til Candice Bredesen i full gong med danseoppvisning.  Dans er noko av det eg likar best å fotografere, så eg måtte ha med meg litt av det før eg drog heim.  Her kjem nokre glimt frå ein heilt vanleg laurdag i Kulturlansbyen Nordfjordeid























.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar