søndag 13. november 2016

Kulturnatt 2016

Det har vore ei hektisk og mangfaldig helg på kulturfronten i Eid, og eg har ikkje fått med meg ein brøkdel eingong.  Fredag var eg i alle fall i operahuset for å få med meg kulturnatta med kulturskulen, og det var ei samanhengande stor oppleving.  Variert program og høgt nivå viser at det blir jobba systematisk både blant lærarar og elevar. Ein nesten fullsatt sal sette og stor pris på det dei såg og høyrde, og ikkje minst under dei to siste nummera der dei nye rikskjendisane våre var framme på podiet.  Det er berre å bøye seg i hatten for det dei har prestert.  Litt seinare på kvelden fekk eg og med meg konserten med Indigo Child i Gamlebanken som var sprengt til bristepunktet av publikum.  Ei storarta oppleving av dei utruleg dyktige musikarane som trollbind sine tilhøyrarar med ein musikk som smyg seg inn i sjela og blir værande der.  Rett og slett magisk.  Eg har etter beste evne prøvt å få med meg noko av det som skjedde i bildeserien som fylgjer.













































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar