lørdag 8. juli 2017

Elskhug og eksis 2017

Det er alt gått to veker sidan Elskhug og Eksis gjekk av stabelen på Eksersisplassen, eit eventyr av ei forestilling.  Dei fleste klarar seg med å gå på ei forestilling,  men eg fekk med meg både generalprøva og alle tre publikumsforestillingane.  For meg som amatørfotograf  var det eit luksusmareritt av motiv.  Med opptil 135 aktørar på scena der alle endrar posisjonar og ansiktsuttrykk heile tida er det umogelg å få med seg alt.  Eg trur likevel at eg har fått med det vesentlegaste  og håpar at ikkje alt for mange blir skuffa over at eg ikkje har fått med alle.  Eg vil ikkje gje meg ut på å beskrive verken handlinga eller trekke fram nokon spesiellt, men takke kvar enkelt både på scena og bak scena.  Alle gjer ein heilt eineståande innsats for at vi som publikum skal underhaldast.  Lange lyse kveldar med mykje utejobbing gjer at eg ikkje har prioritert bilderedigering desse to vekene, men her kjem fyrste knippet av redigerte bilder.  Fleire vil fylgje etterkvart når eg får tid.
































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar