søndag 1. oktober 2017

Barmen

I fleire år har Barmen vore høgt på prioriteringslista over stader Liv og eg her tenkt å reise til.  Det er ikkje  lange vegen, men det har liksom aldri klaffa før no tidleg i haust.  Så ein fineværsundag tok vi laust og sikta oss inn på ferja frå Barmsund.  Vi var litt tidleg ute, men to fotografar skal ikkje ha mange minuttane ledig før området blir saumfare med  augo på jakt etter motiv.  Mi oppleving var ein gjeng med stilige åmer som åt frukost i eit gamalt stikkelsbærtre.  Vi var einaste bil begge vegar med ferja som tøffa bedageleg over sundet på den blikkstille sjøen.  Det var nesten som å kome i ei anna tidsrekning der stress og kav var gløymt og rastlause bilistar ikkje eksisterte.  Og slik heldt turen og søndagen fram, fint vær, mange flotte og artige motiv og nesten ikkje møtande bilar.  Apropos motiv, for oss som heile tida fer rundt på tur og dreg på kamera er ein slik tur ei stor oppleving i seg sjølv.  Vi stoppar og studerar det mest utrulege der andre køyrer fort forbi.  Gamle piggtrådgjerder, naust, ei einsleg raud rose blandt mange kvite, hav og himmel, låve med pannelugg og for ikkje å snakke om det gamle gjerdet av steinstolpar.  La det få stå til evig tid.  Tusen takk til dåkke som bur på Barmen, de bur på ei perle i havgapet, vær snill å ikkje ta bort alt spanande gamalt, det er det som er prikken over I en for ein fotoentusiast.   Her kjem min bildeserie frå turen.













































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar