søndag 7. oktober 2018

La Boheme

Ja, då er vi midt inne i operasesongen, og feirar til og med 20 års jubileum for Opera Nordfjord.  Sjølv har eg sett samtlege operaoppsettingar, og må berre innrømme at eg er hekta på den fantastiske musikken og den utrulege stemmeprakta til solistane.  Det gjev meg og anledning til å utfalde meg i ein av mine kjæraste hobbyar, fotografering.  Noko av det eg likar best å fotografere er nettopp det som skjer på scena under ei forestilling med kostymer, ansiktsuttrykk og alle dei situasjonar som opstår i det lyset ein får tildelt.  Det er store utfordringar, men ikkje minst kjempegøy dei gongane eg lukkast.
Utdelinga av Kongens fortenestemedalje til Michael og Kari etter premiera er vel det største eg har opplevd i Operahuset.  Vi er dåkke evig takknemlege for den astronomiske innsatsen de har gjort for Eidasamfunnet og bygdene ikring.  Tusen hjarteleg takk.
Eg skal ikkje gje meg ut på å skildre meir vedrørande det som skjer på scena, det har journalistane gjort for lenge sidan.  Bildeserien min får være mitt innslag på det eg har fått med meg av både generalprøva og premieren.  Avdi eg har blanda to forestillingar er bilda ikkje i kronologesk rekkefylgje.





























































































































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar