mandag 20. mai 2019

Vårbilder 2019

Dette innlegget byrja eg på for nokre veker sidan og måtte no etterkvart skrive det om fordi teksten passa ikkje heilt.  Å reke  land og strand rundt på jakt etter opplevingar med kamera  er noko av det kjekkaste Liv og eg veit og det blir mange timar med studiar av alt mogeleg rart.
For min eigen del er gamle murar og hus noko av det gjevaste eg kan finne.  Eg har ei enorm respekt for dei generasjonane før oss som bygde alle desse monumenta som står i hundrevis av år upåvirka av vind og veir.  Likeeins er alt som rører seg og veks i skog og mark ynda fotomotiv.  Augo, øyrer og kamera er i konstant konsentrasjon til ein kvar tid for ikkje å gå glipp av noko.
Som gutunge var froskeoppdrett noko av det gjevaste eg visste.  I vaksen alder har eg i mange år hatt eit stort ynskje om å få fotografere nærbilder frosk i sitt rette element, men har aldri lukkast fordi froskane har stukke av .  Og i år fekk eg storeslem.  I ein liten dam ved ein skogsveg på Sunnmøre fekk vi oppleve over 20 kvekkande froskar i våryrt frieri og som hadde heilt andre gjeremål enn å bry seg om nærgåande fotografar.
Edderkoppar er og veldig spanande fotomotiv.  Eg har sett hundrevis av dei både i trea og på bakken utan å fått spanande nærbilder  før eg trefte ein på toppen av Rindehornet.  Då lokka eg han til å posere for fotografen i kveldsola.
Når eg i tillegg fekk fotografere det fantastiske 2 etasjes steinhuset på Åsneset like innafor Bryggja som eg har tenkt på i mange år,  fekk studere den imponerande dammen på Røedsætra og oppleve eit spegelblankt Stadhav er eg meir enn nøgd med turhelga for nokre veker sidan.
Her kjem eit lite utval av vårbilda mine.



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar