onsdag 6. november 2019

Konsert Sagastad innsamlingsaksjon

Det er gått mange månader sidan sist blogginnlegg.  Det er ikkje mangel på bilder som er årsaka, tvert imot, eg har rikeleg med bildestoff på "lager".  Det  er rett og slett mangel på tid og ein del omprioritering av tidsbruk som er årsaka.  No når kveldane er lenger og mørkare er det på tide å leite litt i bildearkivet igjen.  Eg var sjølvsagt på operaen Hans og Grete i haust, og i tillegg fekk eg med meg den fantastiske innsamlingskonserten  i Sagastad med musikarar og solistar frå operaen.  Maken til atmosfære og kulissar som ein har med vikingskipet som bakteppe i Sagastad fins ikkje.  Nydeleg musikk og strålande solistprestasjonar gjorde kvelden til eit absolutt høgdepunkt.  Kulturlivet på Eid blomstrar betre enn nokon gong, og underhaldningstilboda står i kø og ventar på publikum.  Her kjem nokre bildeglimt frå konserten i Sagastad.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar