onsdag 22. juli 2020

Bergen-Kirkenes tur retur med Hurtigruta

Etappe 1, Bergen-Molde

I mange år har Liv og eg drøymt om å reise med Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes. Tidleg i vinter bestilte vi tur, og etter mykje fram og tilbake med avbestilling og mailar på grunn av corona var dagen endeleg komen.  Fulle av forventningar gjekk vi på hurtigbåten frå Måløy 5. juli i lag med reisefylgjet Monica og Jan med kurs for Bergen for å gå ombord i Midnatsol.
Dersom du på ein slik tur ser for deg spegelblankt hav med blå himmel og sol frå frå skyfri blå himmel kvar dag i 11 dagar blir du nok i dei fleste tilfelle skuffa.  Heldigvis opplevde vi  dei fleste variantar av vær, liten kuling rundt Stad, regn og skodde i Geiranger.  For ein fotograf er desse skiftingane og stemninga med lyset med på å lage spanande variasjonar i bilda.  For meg gjev ikkje alltid sol og blå himmel det beste resultatet.  
Noko som facinerar meg meir enn noko anna er å tenkje på korleis folk klarte å overleve på desse einbølte gardane høgt oppe i fjellsida og på nærast utilgjengelege øyar langt ute i havgapet.  Hadde dagens generasjonar blitt plasserte og skulle klare seg under slike forhold hadde det nok blitt sveltihel for dei fleste.
Eg vil ta dåkke med på denne reisa langs Norskekysten med bilder av solnedgongar, ørnefotografering og gamle falleferdige bygg.  Bilder av gamle hus legg eg ikkje ut for å henge ut nokon, men fordi eg veit av erfaring av gamle hus har ei sjel som fortel ei historie.
Det dukkar og opp bilder av detaljar på båten som eg har kosa meg med når det har vore utandørsopphald i motivvalget.  Her kjem fyrste ladninga av bilder.  Kor mange bilder det blir til slutt og kor lang tid det tek veit eg ikkje, men om du orkar har du forhåpentlegvis litt underhaldning av det eg fekk med meg gjennom kameralinsa på turen.


































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar