torsdag 10. september 2020

Bergen - Kirkenes tur - retur med Hurtigruta

Etappe 9, ørnefotografering i Trollfjorden.

Etter at vi hadde meldt oss på turen med Hurtigruta rundt juletider byrja vi å sjekke opp kva slag utflukter det var mogeleg å få med seg undervegs.  Det eg beit meg mest merke i var ørnefotografering i Trollfjorden.  Eg har vore på ørnefotografering før på Smøla for nokre år sidan, og det freista absolutt å prøve på nytt.
Eg tok sjansen på å vente til vi var komne ombord før eg sjekka kva opplegg det var og om der var plass på "ørneekspedisjonen".  Det viste seg at interessa var ganske laber, kun meg og ein fotograf til.  Med så få interesserte vart det nok ikkje tur og motet sokk fleire hakk.
No er det slik at vi som har foto som hobby og dreg på litt kraftigare fotoutstyr enn mobiltelefonar pratar oss ofte ihop fordi vi har felles interesse som ikkje let seg skjule.  
Eg kom i prat med Ninne, ein usedvanleg dyktig og ivrig fugle- og naturfotograf frå Tønsberg, og som til og med var den andre som hadde meldt seg på ørnefotogrferinga.
Det var enno mange dagar igjen, for ørnefotograferinga var på sørovertur så vi gav ikkje opp, men sjekka dagleg antal påmelde på turistkontoret.
Vi var vel komne eit stykke forbi Trømsø på sørover då eg trefte eit smørblidt fjes av Ninne på dekk.  Det blir tur!!!!  Jubelen stod i taket, og det var berre å starte forberedinga.
For spesiellt interesserte kan eg nevne kva "våpen" eg hadde med på ekspedisjonen.
Canon 7D, cropfaktor 1,6, Canon 6D, fullformat, Sigma 50-500, 4,5/6,3 og Canon 24-105, 4,0.  
Midtvegs i Raftsundet kom ekspedisjonsbåten og la inntil skutesida på Hurtigruta, og vi gjekk ombord midtfjords under fart.  Det gjekk heilt fint, og totalt var vi 7-8 fotografar og fire mannskap/guidar.
No var det ikkje berre ørn vi såg undervegs.  Måsar i hopetal var rundt båten heile tida og fekk servering som dei åt med stor apetitt.  Eg for min del tykkjer måsar er fantastisk fine fotomotiv, og når ein kan fotografere dei på inntil ein meters hald var det underhaldning så det heldt.
Ørnene var mykje meir ubereiknelege.  Vi såg vel 25-30 forskjellige undervegs.  Det var stor utfordring å vite kva kamera og objektiv ein til kvar tid skulle bruke for utstyret har forskjellige egenskapar og det veksla mellom måse og ørn heile tida. 
Dei fleste ørnene heldt seg på litt avstand, og med veksling mellom motlys/ skarp sol, blå himmel som bakgrunn, og svarte fjell og skog som bakgrunn med telelinse på eit gyngande dekk var det ganske utfordrande.
Ørna "Snapper'n, ei 30 år gamal hoørn, var imidlertid mykje meir nærgåande.  Medan dei andre ørnene tok fisken i sjøen, snappa ho fisken som guidane kasta til ho i lufta.
Guidane kjende ørnene og gav beskjed om at no kjem "Snapper'n".  Ho stupte ned mot båten, snappa fisken kanskje 5-6 meter framfor nasa på oss og forsvant fornøgd med middagsmaten.  Dessverre vart bilda av denne hendinga uskarpe, men eg vel likevel å ta dei med.  Vi hadde berre eit forsøk, og når ørna kjem dundrande i anslagsvis 50-100 km i timen på så kort avstand skal det litt spesialtrening til å takle ein slik situasjon.
Eg hadde ein liten prat med mannskapet rett før vi kom til Svolvær.  Ein av dei var tydeleg vis interessert i dialekta mi og spurde: kar du kjeme ifrå? Eg svara som eg brukar å gjere: frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.  Han svara: eg e innja Breim.  Eg fekk dessverre ikkje tid å snakke så mykje med Breimningen, men det var litt moro å høyre breid Nordfjorddialekt.  
Garva fuglefotografar vil nok trekkje på smilebandet dersom dei kikar på bloggen og  ser kvaliteten på ørnebilda mine.  Det får no så være.  Eg har ikkje all verda erfaring med slik fotografering, og denne fotoopplevinga mellom Trollfjorden og Svolvær ville eg absolutt ikkje vore forutan. Bilda er ikkje i kronologisk rekkefylgje.   Her er resultatet.

 Vi går ombord.






 Du lurer ikkje meg!








 Kor mange måsar får ein inn på eit bilde?


 Hei servitør, kor blir det av maten?

 Det var betre ja!


 Luftakrobatikk!


 "Snapper'n" i posisjon!

























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar