mandag 9. november 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med Hurtigruta

Etappe 10  Trondheim - Ålesund 

For oss som ikkje bur på kysten er reisa med Hurtigruta ein endelaus straum av inntrykk som passerar forbi oss kvar einaste dag.  Gamle veirbetne hus med lang historie bak seg, nye boligblokker og flotte bruer, fyr og båtar,  fine kyrkjebygg og ikkje minst ein fantastisk natur med holmar, skjær og majestetiske fjell.  Lista er endelaus og mykje av det blir lagra i hovudet i alle fall for ei stund.   Det er likevel betryggande å kunne gå tilbake i bildarkivet kva tid ein vil for å minnast det ein har opplevd.  I strålande solskin gjekk vi innom Kristiansund som etter mi meining er ein av dei vakraste byane på reisa.  Det var ikkje tid til å gå i land så vi får ta turen ein annan gong når vi har  betre tid.  

På veg mot Ålesund etter at vi hadde vore innom Molde fekk vi oppleve den finaste solnedgongen på turen og det flottaste fargespelet i skyene eg har sett nokon gong.  Bilda gjev berre eit sparsomt inntrykk av den stemnninga vi hadde på dekk den stunda sola gjekk ned i havet.    Her kjem bilda av nest siste etappe på turen.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar