tirsdag 2. august 2011

Lyn og torden

Etter å ha hatt lynnedslag i huset fleire gonger, har eg alltid hatt stor respekt for toreveir.  Det er likevel kjempefacinerande og oppleve skikkeleg lyn og torden på nært hald.  Eg har lenge drøymt om å få festa eit skikkeleg lyn på minnebrikka på kameraet,og forrige søndagsnatt hadde eg sjansen.  Eit skikkeleg toreveir med dertil påfølgjande regn herja i midtre deler av Nordfjord.  Etter 120 eksponeringar og to timar med venting på lyn og dunder og brak hadde eg fått nokre få bilder som likna på lyn.  Problemet var at det var så mykje skyer og skodde at eg fekk ikkje bilde av sjølve lynet, berre av gjenskinet.  Bilda eg her legg ut var tekne mellom 0230 og 0300 og det var heilt mørkt. Ein anar likevel kva krefter  som er i sving når ein ser korleis lynet lyser opp.  Lyset på ei rockescene er som eit stearinlys i forhold.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar