søndag 19. mai 2013
17 mai 2013
Årets 17 maifeiring vil vel gå inn i historia som noko av det flottaste vi har opplevd. Etter veker og månader med kjølig vær, slo endeleg sommarvarmen til for fullt. Det var berre blide og nøgde folk og sjå over alt i barnetoget som hadde ei ramme som teke ut av det finaste prospektkort. Etter barnetoget gjekk ferda mi vidare til Stårheim og feiringa der ilag med Stårheim Songlag. Turen gjekk så til Hjelle for å få med meg Alexa Rogdo Melheim si 17 mai tale. Ho må vel med sine 12 år være blant dei yngste 17. mai talarane i landet, noko ho gjennomførte med glans både i ord og tonar. Avslutninga på dagen for min del var tappenstreken om kvelden og det er etterkvart blitt ein folkefest og eit høgdepunkt eidarane er åleine om i heile landet. Det tek litt tid å gå gjennom bildesamlinga etter ein slik dag, men her kjem noko av det eg opplevde i løpet av dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar