onsdag 1. mai 2013

Hot Stuff

Sist søndag ettermiddag fekk operahuset vitjing av Bremanger musikklag med band og vokalistar.  Er du blant dei som ikkje hadde høve til å være til stades, gjekk du glipp av ei festforestilling.  Trampeklappen både før og etter ekstranummeret ville ingen ende ta, og det virka som både publikum og dei på scena var storfornøgde med dagen.  Fengande slagerar frå 70 talet framført av dyktige blåsarar og Spik Adel i storslag var ei fryd for øyra.  Og sist men ikkje minst ein gjeng utruleg dyktige vokalistar med ein mimikk og ei utstråling som fekk ein stakkars fotograf til å nesten gå amok med kamera.  Dette var fullt på høgde med det beste som er levert frå denne scena og det vil ikkje seie så lite.  Her kjem eit kanskje litt for stort utval bilder av det eg fekk med meg, men det er vel fortent.  Kjære Bremanger Musikklag med band og solistar, neste gong de øver inn noko liknande,  legg turen til operahuset igjen, og då får eg håpe at  ikkje eit einaste sete er tomt. 











































2 kommentarer:

  1. Flotte bilder Svein ! Misunne deg kamera/ linsa di!!!! ;)

    SvarSlett
  2. Tusen takk, eg er kjempenøgd med utstyret, og så hjelper det med litt trening.

    SvarSlett