lørdag 27. april 2013

Handballdebut

I helga pågår det ei stor handballturnering i Strynehallen, og sidan vi har familiemedlemmer frå Bergen som er med i turneringa var det freistande å ta turen til Stryn.  Eg har sett utallige handballkampar på fjernsyn, men har aldri vore på ein handballkamp med kamera før, og tok dette som ei stor utfordring.  Det er ikkje alltid så enkelt når motivet bevegar seg i full fart over bana og lyset ikkje er det aller beste, men nokre bilder vart det.  Eg fokuserte mest på å trene med kamera, og mindre på kva lag spelarane kom frå og kva resultatet vart.  Her kjem eit lite knippe debutbilder, og kanskje er det nokon som kjenner seg igjen.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar