onsdag 3. april 2013

Med grannelaget på solskinnstur

Vi som bur på sørsida av Hornindalsvatnet har ei fantastisk utsikt mot nordsida der sola skin til langt utover kvelden, og litt nyskjerrige som vi er, var vi nokre i nabolaget som i går fann ut at vi måtte gå over vatnet for å oppleve korleis solnedgongen var der.  Det var og ei glimrande anledning til å slå ihop både middag, ettermiddagskaffi og kveldsmat.  Med ryggsekkane opplasta med heimelaga hjortemårpølse, grillpølse, kaffi og andre godsaker la vi i veg over vatnet som er  blitt den nye vegen for folkevandring her i bygda. 
Bålet vart raskt satt fyr på og praten med gamle og nye historier gjekk livleg i eit par timar.  Det vart og samla rekved og greiner frå gamle rotvelter til neste bål.  Og då sola gjekk ned i vest og kasta sine siste stålar innover vatnet samla vi ihop sakene og rusla heim att glade og nøgde.  Det finst ikkje noko fjernsynsprogram eller dataskjerm som kan erstatte ein slik tur. Her kjem ein liten stemningsrapport frå kvelden.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar