søndag 31. mars 2013

Påskefuglar

Når ein har fri nokre dagar blir det anledning til litt meir fotografering enn ellers, og eg har brukt litt ekstra tid på å forevige nokre favorittmotiv, nemleg fuglar.  Dei som er drevne fuglefotografar flirer seg vel nesten i hel dersom dei ser desse enkle fuglebilda, men det bryr eg meg faktisk ganske lite om.  Eg kosar meg med hobbyen, og alle har vel starta på nivå 0, og dessutan har eg ikkje tid til å ligge ute halve året på fotojakt.  Motiva  i dag er litt frå det yrande livet rundt fuglebrettet, forar blant mykje anna 7-8 hissige par dompappar, eit par av bilda er og frå livet ved Eidselva.









2 kommentarer:

  1. Så kjekt å sjå bilete av dompappen. Han har aldri vore på mitt fuglebrett. (har ei store nøtteskrike, sp ho tar vel all maten). Flotte bileter av småfuglane! Ikkje lett å få dei skarpe. Dei bevegar seg så fort, og har sjeldan tid til å smile til fotografen. Men dine gjere tydeligvis det!

    SvarSlett
  2. Du kan gjerne få nokre av meg, vi har 15-20 dagleg på brettet.

    SvarSlett