søndag 10. mars 2013

Macrois

I dag gjekk trimturen til Alsåkesætra i eit aldeles nydeleg vær.  Det vart ein del bilder av snø, dyrespor og nydeleg natur, men aller mest macrobilder av is.  Det finst millionar av fantastiske motiv rett framfor nasa di som du aldri legg merke til fordi dei er så små at du ser dei nesten ikkje.  Krystallfigurar mindre enn fingernaglar i alle slags formasjonar og istappar med eit mønster som berre naturen kan lage.  Kanskje blir du freista til å studere dei litt nærare etter å ha sett desse bilda?











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar