Denne påska har vel dei fleste plassar vore eit paradis av sol, vindstille, fantastiske føreforhold, turar og kos i lag med familie og vener. På nordsia av Hornindalsvatnet er der ei lita bukt som heiter Paradisbukta og der var vårt paradis i går med soling, bål, pølser, full aktivetet både i skogen på land og på ski på isen, og drøsen gjekk livleg i timesvis. Her kjem ein liten stemningsrapport frå nok ein fantastisk dag ved Hornindalsvatnet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar