lørdag 16. mars 2013

Messias

I kveld var det duka for nok ein musikalsk suksess i operahuset. Operaorkesteret og koret som bestod av elevar frå Firda vidaregåande skule og lokale songarar i operakoret gjorde ein kjempeinnsats og var ein fryd for både øyre og auge.  Songsolistane var heilproffe til fingerspissane og operasalen var vel halvfull av publikum som storkosa seg under den knapt to timar lange konserten.  Og vi har forlengst slutta å leite etter superlativ i ordlista som dekkjer innsatsen til dirigent Michael Pavelich, dei er oppbrukte for lenge sidan.
Her kjem nokre små glimt av det eg fekk med meg frå fyrste stolrad.

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar