Dei flotte snøforholda på Hornindalsvatnet måtte sjølvsagt nyttast også i dag, og på turen innover trefte vi på ein frisk gjeng som hadde funne ein gammal fotball i fjøresteinane. Eit islagt vatn med fint snølag oppå er ein flott arena både for ski og fotballaktivitetar, og på verdas største fotballbane var fotballkampen både med og utan ski i full gong. Eg er litt usikker på utfallet av kampen, men trur det vart uavgjort. Her kjem nokre glimt både av kampen og heiagjengen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar