mandag 8. april 2013

Sunnivakoret, Rein Alexander og Stine Hole Ulla

Sunnivakoret feirar i år 10 årsjubileum, og det var ein svært så oppegåande jubilant vi fekk høyre i ein av jubileumskonsertane i operahuset i kveld.  Som solistar hadde dei med seg Rein Alexander og Stine Hole Ulla og etter applausen å dømme var publikum svært så fornøgde med soloprestasjonane.  Om dirigenten Per Oddvar "Prots" Hildre er det berre ein ting å seie, han er ein trollmann med kor. Det var ein kjempeflott konsert, og sidan eg sjølv har vore korsongar i mange år er eg spesiellt begeistra for det "trøkket" det er i eit stort kor og den fantastiske klangen dirigenten er ein meister å få fram. Våre to dyktige fiolinistar Kari og Olga var og med på å støtte flott opp under det kjempedyktige tremannsorkesteret.  Her kjem ein bildekavalkade frå konserten.




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar