søndag 9. juni 2013

Landsfestivalen for kor i Ålesund 2013

 I helga gjekk landsfestivalen for kor av stabelen i Ålesund med rundt 1200 songarar frå heile landet.  Stårheim Songlag hadde og funne vegen til kystbyen, og det var eit tett program som var opplagt frå arrangøren si side. Konsertar både i Ålesund Kyrkje og konsert i Parken kulturhus samt sosialt samær om kvelden fredag. Seminar med Brass Bros laurdag med på fylgjande fellesnummer i sentrum  og stor songarfest om kvelden.  Det var slett ikkje tid til å kjede seg, og heller ikkje mogeleg å få med seg alt.  Så det var ein vel fornøgd gjeng som snudde nasa heimover søndag føremiddag  med bagasjen full av inspirasjon og inntrykk.  No tek koret pause eit par månader framover, men startar opp igjen i slutten av august til nye øvingar og utfordringar.  Har du lyst til å være med er det berre å henge seg på, vi har plass til fleire.  Her kjem eit lite utsnitt av det eg fekk med meg av opplevingar under festivalen.




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar