mandag 24. juni 2013

Meir elskhug og eksis

Eg har etterkvart fotografert ganske mange forestillingar av veldig forskjellig slag dei siste åra, men årets utgåve av elskhug og eksis er vel noko av det flottaste eg har vore bort i.  Kvar enkelt av aktørane på scena er kvar for seg eit fantastisk motiv, og når det er ca. 150 i sving på det meste kan ein stakkars fotograf nesten få kink i nakken og sjøgle auge når det står på som verst.  Etter fyrste sekund på premiera merka eg at energien, spelegleda og kontakta med publikum var på plass.  Og det heile toppa seg under vigsleseremonien med 6-700 på tribuna og alle på scena stod ikring brudeparet, det var så stilt at du kunne høyre den berømte knappenåla falle.  Stemninga var nærmast elektrisk.  Eg vil ikke gje meg ut på å skildre meir av handlinga, det har eg ikkje ordforråd til.  Var du til stades såg du det sjølv, og var du ikkje til stades kan du angre.  Det er eit kjempearbeid å gå gjennom og redigere  bilder etter å ha vore på tre forestillingar, men her kjem fyrste ladning, og så vil eg prøve å legge ut fleire etterkvart som eg har tid. Bilda er blanda frå både generalprøva og begge laurdagsforestillingane og er ikkje i kronologisk rekkefylgje.
































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar