mandag 13. april 2015

Hornindal sentrum rundt

Hornindal rundt er eit løp eg alltid har hatt stor sans for og har difor dei siste åra kosa meg med å ta bilder av distriktets og Norges sprekaste ektremsportutøvarar.  Kroppen min er ikkje lenger konstruert for slike store fysiske utskeiingar, så difor inviterte eg likegodt Liv med på kortversjonen, Hornindal sentrum rundt, på andre påskedag.  Som vanleg søkklasta med fotoutstyr parkerte vi i sentrum og rusla i bedageleg tempo forbi kyrkja, opp til skulen og over den nye elegante gangbrua.  Vidare nedover mot sentrum og ned til vatnet, forbi smia og tilbake til bilen.  Det går fort eit par tre timar på ein slik tur når ein skal få med seg alle motiva, prate med kjende og bli kjende med andre.  Men av og til er det berre herleg å berre gløyme klokka og ta dagen som den kjem.  Avslutninga på turen var og godt planlagt,  god middag på Raftevolds hotell, og med utsikta nedover vatnet var det berre Spjøteneset som sperra for utsikta til stoveglaset heime.  Vi hadde og særdeles triveleg selskap under middagen der drøset gjekk både vel og lenge.  Prikken over i en kom etter desserten då vi reiste opp til Tomasgard og eg fekk forevige den flotte steinkvelvingsbrua og elva der.  Det motivet har eg sikla etter i fleire tiår.  Og då vi snudde nasa heim att hadde vi brukt mykje lenger tid på vår tur enn dei sprekaste brukar på halve Hornindal rundt.  Her kjem nokre små glimt frå vandringa.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar