torsdag 17. juni 2021

Erdalen

 Det er nærare 50 år sidan eg var inn i Erdalen i Oppstryn for fyrste gong.  Vi var ein gjeng som skulle gå over Jostedalsbreen til Styggevasshytta i Luster. Vi overnatta på Vetledalsæter i Erdalen før vi starta på oppstigninga til breen. Etter så mange år er detaljane om Erdalen viska vekk frå minnet, og sist søndag drog Liv og eg avgarde for å friske oppatt turen eg var med på tidleg på  70 talet.  Det var ein lett fin tur med lite stigning frå parkeringsplassen.  Vegen minte litt om postvegen over Ljøen.  Fint oppmura og grusa slynga den seg fram i terrenget.  Det som var ekstra spesiellt var dei opne og mura veitene som gjekk tvers over vegen mange stader.  Det har vi aldri sett før.  Stor honnør til bygdefolket for framifrå arbeid.  Langs vegen var det og oppmerkt med stadnamn.  Det er etterkvart blitt vanleg mange stader, og er svært interessant for framande vandrarar.  Opphaldet på Storesætra vart svært kortvarig fordi regnet kom på oss.  Turen innover Erdalen er absolutt ein lett fin familietur som høver for dei aller fleste.  Her kjem ein bildeserie om litt av det eg fekk med meg undervegs.




Det var mange artige stadnamn langs vegen.


Vegen slynga seg fint i terrenget.


Slike oppmura veiter var det mange av.


Vi trefte på ein bobilturist undervegs.  Han skulle truleg overnatte på sætra.......


.......og kvepsen var på hytta i helga.




Langesvedene kan være ei lita utfordring når det regner og er glatt.



Avblomstra.
 


1 kommentar: