tirsdag 8. juni 2021

Nedre Ljøen

 Liv og eg er stadig på utkik etter nye turmål.  Til meir vi går til meir oppdagar vi nye flotte plassar, og lista er endelaus.  I køyreavstand på rundt ein time heimafrå  kan du velge og vrake i hundrevis av fantastiske korte og lengre turar som passar dei aller fleste.  Forrige helg gjekk turen til Hellesylt og Nedre Ljøen.  Vi har køyrt forbi Ljøen mange gongar og visste om postvegen som går over Ljøbrekka, men aldri vore ned til sjøen før. Turtipset fekk vi av vår lokalkjende guide, Eldrid, utflytta Nesbygdar som bur på Hellesylt.  Ho hadde vore der mange gonger før, og var perfekt turfylgje.  Med på turen var og Jan og Monica som nærast er fast turfølgje å reikne.

Parkeringsplassen på Ljøen er eit kapittel for seg sjølv.  Der er tilrettelagt for langt større reisefylgje enn nokre få Nesbygdarar.  Skikkeleg imponerande arbeid er gjort her, og må berre sjåast.  Gamle ferdavegar, og Den Trondhjemske Postveg er noko av kjekkaste eg veit å studere.  Og når ein attpåtil får servert gamle bygningar langsmed vegen på kjøpet er lukka nærast fullkomen. Flotte gamle bygningar med trapper og murar som får meg nærast til å hyle av begeistring.  Har ein fotodilla er ein komne til paradis her.   Vegen ned til sjøen er eit kapittel for seg.  I stupbratte lia som nærast er som ei lang uframkomeleg steinurd med tett urskog av eldegamle og nye trær slyngar postvegen seg fram.  Grasgrodd og innbydande ligg den framfor deg og er eit eventyr å gå på.  Korleis anleggsarbeidarane klarte å bygge veg i dette terrenget for 200 år sidan er berre ei gåte.  

Nede ved sjøen på Naustberget var det ei hytte og fine gamle naust, og ein nydeleg rasteplass ved ein svær foss.  Der var og ei idyllisk strand som innbaud til å kjøle ned varme turføter. Her vart vi værande ei god stund før vi tok vegen med 300 meter stigning oppgjennom bakkane igjen.  Dersom du er ute etter ein kortreist fin tur både for store og små er denne turen absolutt å anbefale.  Det var i alle fall ein svært nøgd gjeng som takka guiden vår for turtipset og følgjet før vi snudde nasa heim igjen.





Til dette skulehuset kom ungane frå dei små gardane frå begge sider av fjorden og hadde 200 høgdemeter å gå opp ifrå fjorden.  Dei hadde neppe skuleskyss anna enn robåt.  Denne skulen er berre litt mindre enn den eg gjekk tre fyrste skuleåra på tidleg på 60 talet.



I dette huset budde det ei dame åleine til for ca. 5 år sidan.  då var ho over 80 år.





Dette er ei av dei mes imponerande steintrappene eg har sett.  Det var nesten problem å gå forbi.


Der var mange artige stadnamn undervegs.






På desse murane stod det eit hus som vart teken av ras på 1800 talet.  Her budde ei kvinne  i 50 åra.  Ho og ei jente vart teken av raset som sopte huset på sjøen. Begge overlevde og kvinna vart seinare gift og levde til ho vart rundt 90 år. 











Ein kan ikkje klage på denne rasteplassen her.






Dette er den største samlinga av langorv eg har sett.




Takk for fylgjet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar